fredag 5. november 2010

Mellom 2. og 3.samling

På tide med litt oppdatering på bloggen min. Går i hundre for tida ,tykkjer eg . Dessuten har eg hatt ein del problem med synet etter augeoperasjonen i september og fleire Oslo besøk pga. dette. Ikkje så lett når ein skal jobbe mykje både med visuell kommunikasjon , kunst og fagteorioppgåva for da treng ein at synet er i orden.. Men eg har no jobba litt praktisk med alle tre arbeidskrava , utan at eg har kome i mål med nokon av dei. Har no litt tid på fagteorioppgåva enno, men dei andre to må eg jobbe med heile helga ,  både natt og dag og dag , trur eg.....
Her er litt av det eg har jobba med i Visuell kommunikasjon;" Å vera student ". Skulle samle minner frå dei to første dagane som student , teikne, male og fotografere og og gjennom diverse utkast kome fram til eit endeleg arbeid. Eg tok mange bilete på museet og tok utgangagspunkt i dei for å lage ulike skisser og filosofere og visualisere rundt det å vera student.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar