lørdag 27. november 2010

Oppdatering og eksamensførebuing

Ja no nærmar eksamen seg styggfort og nervane er i høgspenn. Måndag og tysdag 29. og 30 .nov. brakar det laus. Byrjar å få kalde føtter for korleis dette skal gå, men skal bli godt å bli ferdig og- no det blir så hektisk på andre område både jobb og heime fram mot jul. Tenkte eg måtte oppdatera sida  mi litt , sidan det meste har dreia seg om oppgåvekrava i kunst og visuell kommunikasjon og fagteorioppgåva siste månaden og meir til.
Har ikkje skrive så mykje frå dei to siste samlingane, så det vil eg gjera no . I veke 43 samlinga demonstrerte Berit vev for oss og me fekk prøve oss med ulike typar garn, fekk sett hespetre i bruk og korleis me lagar småe vevspolar m.m. Har drive litt med både bordvev og biletvev for mange år sidan, så dette var kjekt å få prøve til att. Kanskje eg må dra fram att den gamle Monica-veven min ? Men då må eg vel læra meg å tre veven fyrst.
Her har eg laga ein vevprøve med tynn tråd og laga løkker til. Berit viste oss skjerf ho hadde laga med denne teknikken , vove fyrst og tova etterpå. Spennande .
Her har eg brukt ulike typar ull og lingarn. Kunne ha sete heile kvelden og vove, men måtte gje plass til andre, så det vart berre ein liten prøvelapp.






Ulike uttrykk knyta til vev;

  • renning --> varp
  • rennebom
  • innslag --->veft
  • vevskei til å veve med (grovare garn) - skeislaget
  • vevspole til tynnare garn
  • gobelin --> transparente vevarbeid
  • dobbelvev -renning med to ulike fargar td. lyst/mørkt
  • biletvev
  • bruksvev
  • oppstadvev
  • flatvev
  • bordvev
  • båndvev
  • vevstol
  • vevskaft 
  • vevdiagram
Ulike vevmønster tildømes; Rosebragd, Tavlebragd, Smettvev , Kyper, Toskaft, Rips. vart brukt i åkle og til bruksting i heimen som; møbelstoff, dukar, håndkle, pledd, sengety, gardiner mm.
På slutten av 1800 talet var det vanleg med vevde filleryer i heimane, særleg på landsbygda. Kle og tekstilar vart reparert og lappa så lenge det gjekk eller klippt opp til strimler og vevd filleryer av. 

Men veving særskilt biletvev vart og brukt av kunstnarar;
Synnøve Anker Aurdal  og Hannah Ryggen  er to av våre store tekstilkunstnarar.
Synnøve Anker Aurdal 


1908 - 2000 )
 brukte mykje vev, biletvev i sine arbeid . Ho vart inspiret av poesi og andre kulturar  til å utforska ulike former og materiale i arbeida sine. Ho sa blant anna at "du skal la deg inspirere, men du skal dikte sjølv."...



"Aurdal hadde sin første utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo i 1941. Hennes kunst regnes som et vesentlig bidrag til at tekstilkunsten ble anerkjent som kunstform i Norge. Hun hadde en rekke større oppdrag, deriblant Høyseteteppet i Håkonshallen og Rommet og ordene, Norges offisielle gave til Island i forbindelse med landets 1100-års jubileum. (henta frå Wikipedia )"


img650x367.jpg


Utsnitt av Islandsteppet 'Rommet og ordene' fra 1977) av Synnøve Anker Aurdal.

Foto: Nina Skurtveit/NRK

Hannah Ryggen



(1894-1970)


"Billedvevens trollkvinne", "Vevkunstens Michelangelo." Den norsk-svenske billedveversken Hannah Ryggen fikk mange tilnavn. Småskolelærerinnen fra Malmø i Sverige var født Hannah Josefina Maria Jönsson, og nærte fra barnsben av en sterk lidenskap for kunstens verden. 




Det var kjærligheten som brakte Hannah til Ørlandet. Under en studietur til Tyskland i 1922 møtte hun maleren Hans Ryggen fra Ørlandet på et hotell i Dresden. I løpet av to år var de to gift, foreldre til datteren Mona og bosatt på småbruket Ryggen Ytre på Ørlandet. Der ute i "Stugan", uten elektrisitet og lys, malte Hans mens Hannah vevde sine monumentale billedtepper, som i moderne kunsthistorie mangler sidestykke.




Hva slags kunstner var Hannah Ryggen? Om seg selv sa hun: "Jeg är malar, ikke väverske. En malar som ikke bruker pensel men redskapet är väven."
For Hannah var det vel så viktig å finne de rette fargene som det var å veve: "Å farge garn kan jeg ikke betro til noen andre enn meg selv. Når jeg farger är världen min. Jeg vet hvor hver fargeflekk her stammer fra." Resultatet ble et unikt fargespekter, med hennes karakteristiske potteblå som den mest særegne.
Det viktigste for Hannah Ryggen var nok likevel innholdet i teppene. Hun hadde nesten alltid et konkret budskap hun ville formidle, enten det var antifascistiske advarsler om ondskapen det tredje riket representerte eller kvinners mangel på grunnleggende rettigheter. de århundret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar