tirsdag 23. november 2010

Visuell kommunikasjon - avslutning av oppgåva "Å vera student"

 Viser til bloggen "Å vera student ", der eg tok utgangspunkt i fleire bilete eg tok på museet i Kaupanger og laga fleire skisser i ulike teknikkar. Eg valgte å framstilla det å vera student i bilete, ord og ulike teknikkar ved hjelp av minna eg samla på fyrste samlinga. Ein slags  arbeidsveg av ulike ting, arbeidskrav , teknikkar eg må tileigna meg frå den fyrste samlinga i kunst og håndverk til eg forhåpentlegvis tek eksamen i 2011. Eg har og svart teoretisk på  kva visuell kommuniksjon er.  Men det viktigaste i visuell kommunikasjon meiner eg , ligg i sjølve orda - det visuelle - synet , bilete, det ein ser,  m.m
kommunikasjon - å snakke , å meddele seg , å uttrykke seg. m.m . Så med andre ord skal eg snakke eller uttrykke meg gjennom eit bilete eller ei synleg form.  Og det er vel grunnlaget for all kunst, å formidle noko til andre gjennom ei visuell form, anten det er biletkunst, tekstilarbeid, skulptur e.a. Det viktigaste i kunst og håndverk må vel vera å opne opp for å sjå, lære seg å sjå, å få auge på, å oppdage ....
Dette ville eg prøve å få fram i oppgåva mi og tykte linotrykk var ein måte eg kunne få fram fleire av elementa frå skissene i loggen min (Sketch-boka).  Eg tok utgangspunkt i den fyrste av skissene i loggboka,  eit grønblått ansikt  (sjå tidlegare blogg) - Eg ville få fram det med det visuelle og det usikre ved å vera ny student,  ei teatermaske som kan symbolisera ulike følelsar.... Deretter fann eg ut at den gamle stigen, ein av dei siste bileta i loggen min, kunne symbolisera det å klatre på kunnskapsstigen og sidan det var ein gamal stige kunne det og symbolisera det kulturelt historiske som eg meiner er viktig å ha i botnen eller på vegen for å utvikle seg innan kunst og håndverk. I visuell kommunikasjon er skrift, teikn m.m ofte sentrale element, så dette ville eg få med på ein eller annan måte. Då vart det naturlege å tenke skule og ABC og eg ville ha det raudt, som er ein sterk og visuell symbolfarge. Tenkte og på bilete av japanske og kinesiske kunstnarar der skriftteikna ofte er råma inn i raudt- østens visdom. Eg prøvde ulike måtar å trykke skrifta på i bilete, tildømes liggande, da kunne teikna symbolisera at kunnskapen måtte vera i botnen før ein kan kome seg vidare. Eg prøvde å blande fleire fargar blå, grøn, svart i maska både for å få fram det usikre , men og det grøne- håpet og for å få fram kontrastane i utrykket.
Tilslutt enda eg med dette trykket, som best utrykker det eg ville få fram. Den litt usikre, men spente studenten som er interessert i å lære og klatre opp stigen og skuer opp mot alafabetbokstavane. Dei står litt bak-fram, er litt kronklete å få tak på, men lyser mot deg og viser at det krev arbeidsinnsats og at ein har ein veg å gå eller klatre før ein kan nå toppen og dermed få løn for strevet ved pesonleg og fagleg utvikling....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar