lørdag 6. november 2010

Kunstoppgåva




"Vintersting" Winter  stitches 2009, 50 x 70   Rønnaug Vaa
  •                                                                                Her er bilete av tekstilarbeidet eg vart inspirert til å lage ein replikk av,  til kunstoppgåva mi.
Fyrst litt om kunstnaren ; (fra heimesida )
Rønnaug Vaa
Født 1947 i Askim

Utdanning:
Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) diplom tekstil
Kunstped. og maler SHKS


Arbeider nå med utsmykking til Haugvoll Sykehjem i Sarpsborg, leveres mars 2011, og utstillingen " I MELLOMTIDEN" m/5øST som åpner i Galleri Gerner, Moss, des. 2010 .

TEMA/ MOTIVKRETS:

Tegn, spor, merker – arketyper med ulik symbolverdi. Ornamenter, noen ganger plassert i en mønstring som kan gi nytt innhold.

"Grenseland" er betegnende for mange arbeider.
Grenselandet: mellom Kvinne og Mann, mellom Vann og Land,
mellom Liv og Død, mellom Ubeskyttet/sårbar og Beskyttet, mellom Drøm og Virkelighet, mellom Lys og Mørke, mellom Synlig og Usynlig,
mellom Innenfor og Utenfor,
mellom Fred og Ufred.

Båt – spalteform /båtform – reisen over
Blad – skjold/ spalteform
Tilsløring – nett – hinne, glemsel
Port – dør

Landskap, konkrete – abstraherte –
indre landskap.

TEKNIKKER:

Foto:
Databearbeidet foto trykket på lerret. Påført bl.a. tegning – broderi – applikasjon.

Billedvev:
Bildet veves ut fra tegning. Garnets egenskaper gir muligheter og begrensinger.

Blandingsteknikker/collage:
Eks.:
• Papir i kombinasjon med malte elementer
• Malt laminering
• Vevet materiale/ bilde påført trykk – sløret med maling – applikering – broderi – tegning

Lappeteknikk:
Egen konstruksjon av sammenstilling med geometriske former som gir en struktur med uendelig variasjon ved bruk av farger og stoffkvaliteter.

Installasjon:
Sammenstilling / samspill med egne objekter.



Vintersting av Rønnaug Vaa gav meg ved første blikk assiasjonar til ei sterk og tragisk hending i familien vår i vinter.
Hadde sikkert noko med intrykk av snø og det raude /rosa mot det kvite. Så det første utkastet vart slik....
fordi eg og bror min laga eit hjarte i snøen, la ned ei raud rose og tente lys på den plassen der søstra vår døydde i februar 2010






Det passar og godt med verka til Rønnaug Va då "Grenseland " er betegnande for mykje av hennar arbeid og, grensa mellom ;liv og død, draum og røyndom, lys og mørke, beskytta-ubeskytta-sårbare






Det andre utkastet vart slik, laga med oljefargar. Meir lik Rønnaug Va sitt utrykk. Eg ville få fram båt /bladforma og såg ein kross  i arbeidet eg ville ta med meg vidare. Båt/båtform-spalteform  -reise, blad/skjold, tilsløring-nett-hinne og gløymsel  er og  noko Rønnaug Va brukar i sine arbeid og som eg tykte ville passa for å symbolisera det eg ville prøve å få fram (jfr. ovafor)
I utkast 3 spann eg vidare på blad og båtforma og vart meir fokusert på  å få fram linjene i desse formene. Det lyse og det mørke. Raudt og svart mot det kvite/gråe. Linjene kan og symbolisera bladnerver, bånd-blodsbånd ,vennskap,livstrådar.. Og eg la meir vekt på krossen som kan vera symbol for tru -død m.m...



I det neste utkastet mitt har eg prøvd å kopla saman dei tre andre utkasta til eit inntrykk eg ville jobbe vidare med..
Men korleis få fram det eg ville i eit konkret arbeid.
Eg prøvde å surre garn rundt ei papp-plate for å gje inntrykk ev snø, men såg fort at det ikkje vart noko bra.

Hadde nett starta på eit teppe av kvitt garn og såg at det garnet kunne ligna på snø og på dei trådane eg såg i Rønnaug Vaa sitt bilete, så da var det berre å strikka på harde livet for å bli ferdig.
Eg har alltid likt å strikka og ønskte å få fram ein kvinneleg kunstnar og helst ein tekstilkunstnar når eg skulle velja meg ein kunstnar, så dette såg lovande ut.
...Strikking er og det eg skriv om i fagteorioppgåva mi.




Da var strikkearbeidet ferdig og så var spørsmålet ; Korleis kome vidare, få fram hjarteforma ? Eg tenkte ; ulike stoff - silke , tyll ,  batikkfarging, ulike bånd, symaskin ....

Gjennom prosessen fann eg ut at å skape eit kunstverk eller ein replikk av eit kunstverk, er hardt  arbeid, mykje tenkearbeid og filosofering, mykje PRØVING OG FEILING og ikkje minst mange val ein skal ta undervegs både når det gjeld å velja og ikkje minst å velja vekk ...
Meiner og det er viktig i ein slik prosess å tora og vera PERSONLEG.
Eg er i gang på skikkeleg JIIPPPI


No byrjar det å likna på noko og ute skin sola på snødekte fjell, men det har ikkje eg mykje tid til å nyte...
Det som eg har problem med no er om eg skal halde på dette eller ha på nokre fleire mørke og kanskje (provoserande )  linjer . Er redd at det kan bli overlessa og Rønnaug har eit "lett " og  "lyst" uttrykk i sitt arbeid og det var det som tente noko i meg .Ein skal vel overlata noko til fantasien og..eller ? Vi får sjå kva det blir til . Spørs om eg ikkje må ta arbeidet med til Sogndal og gjera det ferdig der...

Sidan arbeidet hadde strikka , var firkanta i formen, måtte eg brette inn og sy for å få fram hjarteforma, som skulle symbolisera hjarte i snøen og kjærleik. Deretter prøvde eg meg fram med ulike stoff og fann ut at raud silke og rosa tyll var noko eg kunne bruke for å få fram følelsen av blod -silke, tungt, glatt, naturstoff..    Tyll for å få fram det lette, gjennomskinlege, tilslørte noko ein kanskje helst vil gløyma eller ikkkje greier å sjå heilt klart, fordi det blir for vondt.  


For å få fram formene i Rønnaug Va sitt arbeid og som eg ville ha fram tykte eg silkestoffet passa til bakgrunn, den smale forma kan symbolisera blod som strøymer gjennom hjarte, men og tjukke blodsbånd m.m. Eg klipte tyllstoffet i bladform og såg at bladforma kom vekk om eg la stoffet under silkestoffet , difor måtte tyllbladet ligga over. Slik fekk eg fram bladforma som kan symbolisera liv og død , det tilsløra i sjølve stoffet, det friske blodet som ikkje er friskt lenger.
Tilslutt brukte eg bånd for å få fram bladnervar, livsnervar, søskenbånd  og avbrotne bånd...  Silkebånd i kvitt  for å få fram bladnervar som kan symbolisera livsnervar, svarte fløyelsbånd for å få fram krossen, det triste, dei avkutta bånda.... Eg prøvde å lage ei rose med silke, fløyelsbånd og eg kunne ha hekla ei rose, men fann ut at dette ikkje passa eller gjorde noko frå eller til for uttrykket . Eg hatt fått fram det eg ville, nemleg å  få utrykke mine eigne følelsar og tankar frå ei stor sorg gjennom å bruke; garn, stoff, sting og bånd  og dermed skap ein replikk av Rønnaug Va sitt bilete ; "Vintersting".

Veit ikkje heilt kva eg skal kalle mitt arbeid.. Kanskje "Blodsbånd" "Blod i snø" "Raudt mot kvitt" !??


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar