onsdag 1. desember 2010

Eksamen og etterpå

Ja, tenk der var eksamen over og positiv og kunnskapsrik sensor hadde me.
VEL BLÅST HEILE GJENGEN og ta ein velfortent ferie når den tida kjem !!
Er vel ikkje heilt fornøgd med meg sjølv, særleg ikkje på framføringa, men eg var så nervøs-greidde ikkje å slappe heilt av. Tenkte etterpå at eg kunne gjort det betre og fått meir flyt i framføringa om eg hadde visst at me fekk skrive så mange punkt me ville på power pointen. Men no får ein legga dette bak seg og alle andre seier eg bør vera fornøgd, når eg går i full jobb ved sidan av, så da får eg vel det.. ..Eg har no lært mykje og er mange erfaringar rikare. Men hardt arbeid har det vore og mange seine nattetimar.
No blir det å tenke framover og ny semesterstart i januar.. Da blir det vel design og arkitektur, spennande. Har allereie lånt med meg nokre bøker frå biblioteket, så får sjå om det blir litt tid til å lese i juleferien.    Har og lånt filmen som me såg om Landart. Vart så fasinert av Andy Goldsworthy, filosofien og arbeidet hans at berre det å få kjennskap til han var verdt halve studiet....
I fagteorioppgåva mi skreiv eg om strikking og no etterpå har eg oppdaga ei spennande julebok om designarane Arne og Carlos som strikkar julekuler. Den trur eg skal bli eit av mine juleønskjer. eller kanskje eg skal kjøpe den før og strikke istaden for å bake til jul.