lørdag 11. september 2010

Fyrste dag som student


Å vera student..

Fyrste dagen var me på museumsbesøk i Kaupanger. Me fekk i oppgåve å teikne ein eller to teikningar fra utstillinga.
Eg såg denne stolen og tenkte at den var enkel å teikne, men det var ikkje så lett. Sjå fyrste utkasta.
Etterpå skulle me lese litt om "Frihåndstegning" av Tom Teigen, særleg om skyggelegging, og teikne ein ny teikning av den same tingen eller velja ein ny ting.
Då valgte eg å teikne ein blyant for eg tenkte det vart enklare.Sjå resultat under.
Ser sjølv kor viktig det er med ulik trykk på blyanten og tore å legge dei mørkaste skyggane, slik at ein får fram kontrastar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar