Viser til bloggen "Å vera student ", der eg tok utgangspunkt i fleire bilete eg tok på museet i Kaupanger og laga fleire skisser i ulike teknikkar. Eg valgte å framstilla det å vera student i bilete, ord og ulike teknikkar ved hjelp av minna eg samla på fyrste samlinga. Ein slags arbeidsveg av ulike ting, arbeidskrav , teknikkar eg må tileigna meg frå den fyrste samlinga i kunst og håndverk til eg forhåpentlegvis tek eksamen i 2011. Eg har og svart teoretisk på kva visuell kommuniksjon er. Men det viktigaste i visuell kommunikasjon meiner eg , ligg i sjølve orda - det visuelle - synet , bilete, det ein ser, m.m
kommunikasjon - å snakke , å meddele seg , å uttrykke seg. m.m . Så med andre ord skal eg snakke eller uttrykke meg gjennom eit bilete eller ei synleg form. Og det er vel grunnlaget for all kunst, å formidle noko til andre gjennom ei visuell form, anten det er biletkunst, tekstilarbeid, skulptur e.a. Det viktigaste i kunst og håndverk må vel vera å opne opp for å sjå, lære seg å sjå, å få auge på, å oppdage ....
Dette ville eg prøve å få fram i oppgåva mi og tykte linotrykk var ein måte eg kunne få fram fleire av elementa frå skissene i loggen min (Sketch-boka). Eg tok utgangspunkt i den fyrste av skissene i loggboka, eit grønblått ansikt (sjå tidlegare blogg) - Eg ville få fram det med det visuelle og det usikre ved å vera ny student, ei teatermaske som kan symbolisera ulike følelsar.... Deretter fann eg ut at den gamle stigen, ein av dei siste bileta i loggen min, kunne symbolisera det å klatre på kunnskapsstigen og sidan det var ein gamal stige kunne det og symbolisera det kulturelt historiske som eg meiner er viktig å ha i botnen eller på vegen for å utvikle seg innan kunst og håndverk. I visuell kommunikasjon er skrift, teikn m.m ofte sentrale element, så dette ville eg få med på ein eller annan måte. Då vart det naturlege å tenke skule og ABC og eg ville ha det raudt, som er ein sterk og visuell symbolfarge. Tenkte og på bilete av japanske og kinesiske kunstnarar der skriftteikna ofte er råma inn i raudt- østens visdom. Eg prøvde ulike måtar å trykke skrifta på i bilete, tildømes liggande, da kunne teikna symbolisera at kunnskapen måtte vera i botnen før ein kan kome seg vidare. Eg prøvde å blande fleire fargar blå, grøn, svart i maska både for å få fram det usikre , men og det grøne- håpet og for å få fram kontrastane i utrykket.
Tilslutt enda eg med dette trykket, som best utrykker det eg ville få fram. Den litt usikre, men spente studenten som er interessert i å lære og klatre opp stigen og skuer opp mot alafabetbokstavane. Dei står litt bak-fram, er litt kronklete å få tak på, men lyser mot deg og viser at det krev arbeidsinnsats og at ein har ein veg å gå eller klatre før ein kan nå toppen og dermed få løn for strevet ved pesonleg og fagleg utvikling....
Eg har starta vidareutdanning 30 studiepoeng i Kunst og Håndverk på høgskulen i Sogn og fjordane hisf.no og måtte da oppretta ein blogg. Spennande !
tirsdag 23. november 2010
lørdag 6. november 2010
Kunstoppgåva
![]() |
| "Vintersting" Winter stitches 2009, 50 x 70 Rønnaug Vaa |
- Her er bilete av tekstilarbeidet eg vart inspirert til å lage ein replikk av, til kunstoppgåva mi.
Rønnaug Vaa
Født 1947 i AskimUtdanning:
Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) diplom tekstil
Kunstped. og maler SHKS
Arbeider nå med utsmykking til Haugvoll Sykehjem i Sarpsborg, leveres mars 2011, og utstillingen " I MELLOMTIDEN" m/5øST som åpner i Galleri Gerner, Moss, des. 2010 .
TEMA/ MOTIVKRETS:
Tegn, spor, merker – arketyper med ulik symbolverdi. Ornamenter, noen ganger plassert i en mønstring som kan gi nytt innhold.
"Grenseland" er betegnende for mange arbeider.
Grenselandet: mellom Kvinne og Mann, mellom Vann og Land, mellom Liv og Død, mellom Ubeskyttet/sårbar og Beskyttet, mellom Drøm og Virkelighet, mellom Lys og Mørke, mellom Synlig og Usynlig,
mellom Innenfor og Utenfor, mellom Fred og Ufred.
Båt – spalteform /båtform – reisen over
Blad – skjold/ spalteform
Tilsløring – nett – hinne, glemsel
Port – dør
Landskap, konkrete – abstraherte – indre landskap.
TEKNIKKER:
Foto:
Databearbeidet foto trykket på lerret. Påført bl.a. tegning – broderi – applikasjon.
Billedvev:
Bildet veves ut fra tegning. Garnets egenskaper gir muligheter og begrensinger.
Blandingsteknikker/collage:
Eks.:
• Papir i kombinasjon med malte elementer
• Malt laminering
• Vevet materiale/ bilde påført trykk – sløret med maling – applikering – broderi – tegning
Lappeteknikk:
Egen konstruksjon av sammenstilling med geometriske former som gir en struktur med uendelig variasjon ved bruk av farger og stoffkvaliteter.
Installasjon:
Sammenstilling / samspill med egne objekter.
Vintersting av Rønnaug Vaa gav meg ved første blikk assiasjonar til ei sterk og tragisk hending i familien vår i vinter.
Hadde sikkert noko med intrykk av snø og det raude /rosa mot det kvite. Så det første utkastet vart slik....
fordi eg og bror min laga eit hjarte i snøen, la ned ei raud rose og tente lys på den plassen der søstra vår døydde i februar 2010
Det passar og godt med verka til Rønnaug Va då "Grenseland " er betegnande for mykje av hennar arbeid og, grensa mellom ;liv og død, draum og røyndom, lys og mørke, beskytta-ubeskytta-sårbare
Det andre utkastet vart slik, laga med oljefargar. Meir lik Rønnaug Va sitt utrykk. Eg ville få fram båt /bladforma og såg ein kross i arbeidet eg ville ta med meg vidare. Båt/båtform-spalteform -reise, blad/skjold, tilsløring-nett-hinne og gløymsel er og noko Rønnaug Va brukar i sine arbeid og som eg tykte ville passa for å symbolisera det eg ville prøve å få fram (jfr. ovafor)
I utkast 3 spann eg vidare på blad og båtforma og vart meir fokusert på å få fram linjene i desse formene. Det lyse og det mørke. Raudt og svart mot det kvite/gråe. Linjene kan og symbolisera bladnerver, bånd-blodsbånd ,vennskap,livstrådar.. Og eg la meir vekt på krossen som kan vera symbol for tru -død m.m...
I det neste utkastet mitt har eg prøvd å kopla saman dei tre andre utkasta til eit inntrykk eg ville jobbe vidare med..
Men korleis få fram det eg ville i eit konkret arbeid.
Eg prøvde å surre garn rundt ei papp-plate for å gje inntrykk ev snø, men såg fort at det ikkje vart noko bra.
Hadde nett starta på eit teppe av kvitt garn og såg at det garnet kunne ligna på snø og på dei trådane eg såg i Rønnaug Vaa sitt bilete, så da var det berre å strikka på harde livet for å bli ferdig.
Eg har alltid likt å strikka og ønskte å få fram ein kvinneleg kunstnar og helst ein tekstilkunstnar når eg skulle velja meg ein kunstnar, så dette såg lovande ut.
...Strikking er og det eg skriv om i fagteorioppgåva mi.
Da var strikkearbeidet ferdig og så var spørsmålet ; Korleis kome vidare, få fram hjarteforma ? Eg tenkte ; ulike stoff - silke , tyll , batikkfarging, ulike bånd, symaskin ....
Gjennom prosessen fann eg ut at å skape eit kunstverk eller ein replikk av eit kunstverk, er hardt arbeid, mykje tenkearbeid og filosofering, mykje PRØVING OG FEILING og ikkje minst mange val ein skal ta undervegs både når det gjeld å velja og ikkje minst å velja vekk ...
Meiner og det er viktig i ein slik prosess å tora og vera PERSONLEG.
Eg er i gang på skikkeleg JIIPPPI
No byrjar det å likna på noko og ute skin sola på snødekte fjell, men det har ikkje eg mykje tid til å nyte...
Det som eg har problem med no er om eg skal halde på dette eller ha på nokre fleire mørke og kanskje (provoserande ) linjer . Er redd at det kan bli overlessa og Rønnaug har eit "lett " og "lyst" uttrykk i sitt arbeid og det var det som tente noko i meg .Ein skal vel overlata noko til fantasien og..eller ? Vi får sjå kva det blir til . Spørs om eg ikkje må ta arbeidet med til Sogndal og gjera det ferdig der...
Sidan arbeidet hadde strikka , var firkanta i formen, måtte eg brette inn og sy for å få fram hjarteforma, som skulle symbolisera hjarte i snøen og kjærleik. Deretter prøvde eg meg fram med ulike stoff og fann ut at raud silke og rosa tyll var noko eg kunne bruke for å få fram følelsen av blod -silke, tungt, glatt, naturstoff.. Tyll for å få fram det lette, gjennomskinlege, tilslørte noko ein kanskje helst vil gløyma eller ikkkje greier å sjå heilt klart, fordi det blir for vondt.
For å få fram formene i Rønnaug Va sitt arbeid og som eg ville ha fram tykte eg silkestoffet passa til bakgrunn, den smale forma kan symbolisera blod som strøymer gjennom hjarte, men og tjukke blodsbånd m.m. Eg klipte tyllstoffet i bladform og såg at bladforma kom vekk om eg la stoffet under silkestoffet , difor måtte tyllbladet ligga over. Slik fekk eg fram bladforma som kan symbolisera liv og død , det tilsløra i sjølve stoffet, det friske blodet som ikkje er friskt lenger.
Tilslutt brukte eg bånd for å få fram bladnervar, livsnervar, søskenbånd og avbrotne bånd... Silkebånd i kvitt for å få fram bladnervar som kan symbolisera livsnervar, svarte fløyelsbånd for å få fram krossen, det triste, dei avkutta bånda.... Eg prøvde å lage ei rose med silke, fløyelsbånd og eg kunne ha hekla ei rose, men fann ut at dette ikkje passa eller gjorde noko frå eller til for uttrykket . Eg hatt fått fram det eg ville, nemleg å få utrykke mine eigne følelsar og tankar frå ei stor sorg gjennom å bruke; garn, stoff, sting og bånd og dermed skap ein replikk av Rønnaug Va sitt bilete ; "Vintersting".
Veit ikkje heilt kva eg skal kalle mitt arbeid.. Kanskje "Blodsbånd" "Blod i snø" "Raudt mot kvitt" !??
fredag 5. november 2010
Å vera student...
....så når eg har både ;
SETT - GJORT OG LÆRT
SAMLA INNTRYKK OG VORTE INSPIRERT
TEIKNA - MALA OG FOTOGRAFERT
så kanskje eg kan klatre oppover nokre trinn på denne gamle stigen her eller KVA TRUR DU ?
SETT - GJORT OG LÆRT
SAMLA INNTRYKK OG VORTE INSPIRERT
TEIKNA - MALA OG FOTOGRAFERT
så kanskje eg kan klatre oppover nokre trinn på denne gamle stigen her eller KVA TRUR DU ?
EG SAMLAR VISUELLE INNTRYKK BÅDE I OG UTANFOR SKULEN
KVA ER SÅ VISUELL KOMMUNIKASJON?
...formidling av idear og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk. VK omfattr særleg todimensjonale framstillingar som bokstavar / teikn, piktogram/synbol, bilete / illustrasjonar og film /animasjon, men og ulike typar signalisering som tildømes, teiknspråk.
Faget rører ved ei rekke felt, både kommunikasjon generelt, men og informasjon, biletkunst , reklame, teknologi, fysisk optik og psykologi.
Sjølve omgrepet kjem frå engelsk (visual communication ", der det særleg blir brukt om faget illustrasjon og grafisk design.
Blad , bøker, TV og internett er døme på kommunikasjonsformer , der den visuelle utforminga særleg påverkar mottakaren av bodskapen
(Info henta frå wikipedia )
...formidling av idear og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk. VK omfattr særleg todimensjonale framstillingar som bokstavar / teikn, piktogram/synbol, bilete / illustrasjonar og film /animasjon, men og ulike typar signalisering som tildømes, teiknspråk.
Faget rører ved ei rekke felt, både kommunikasjon generelt, men og informasjon, biletkunst , reklame, teknologi, fysisk optik og psykologi.
Sjølve omgrepet kjem frå engelsk (visual communication ", der det særleg blir brukt om faget illustrasjon og grafisk design.
Blad , bøker, TV og internett er døme på kommunikasjonsformer , der den visuelle utforminga særleg påverkar mottakaren av bodskapen
(Info henta frå wikipedia )
EG SER ; mønster
Foto av eit gamalt åkle frå museet
Eg teiknar og fargar på rutepapir
MØNSTER ; eit systematisk arr. og formgjeving som har eit min. av gjentakingar (rapport) og symmetri
-mønster i naturen
-tradisjonelle mønster innanfor ulike kulturar
Eg teiknar og fargar på rutepapir
MØNSTER ; eit systematisk arr. og formgjeving som har eit min. av gjentakingar (rapport) og symmetri
-mønster i naturen
-tradisjonelle mønster innanfor ulike kulturar
EG SER ; gamle hus og gamle ting
Eg tenker gamle beyggeskikkar-lafting...
Eg prøver å teikne med mjuk blyant (4B) , men føler eg skulle lært meir om både perspektiv og skyggelegging...
EG SER ; natur
Eg ser ein hest..
ein hest kan og teiknast slik ....
Her har eg brukt tusj og prøvd og herma etter Oddvar Torsheim sine
"spiralgampar"
ein hest kan og teiknast slik ....
Her har eg brukt tusj og prøvd og herma etter Oddvar Torsheim sine
"spiralgampar"
Abonner på:
Innlegg (Atom)






















