fredag 5. november 2010

EG SER ; symbol

            
Her har eg skore ut symbolet og laga LINOTRYKK
Symbol eg såg på ei vogge på museet..
  • Religiøse ?
  • Overtru ?
  • Berre til pynt ?

EG SER ; fargar

Min versjon av Knut Rumohr sitt bilete som hang på museet -hugsa ikkje att tittelen. Kanskje nokon andre som har valgt han som kunstnar kan hjelpe meg !?

Her har eg brukt akrylfargar..

Kan dører opne seg så eg kan sjå ?

Foto eg tok på omvisinga på museet.

Møter eg stengde dørar !??

eller kan dører kommunisera nokotil meg ???

EI DANSANDE DAME -EIN FUGL FØNIKS...

Ispirert av eit dørbeslag på eit av dei gamle husa på museet






Akvarellfargeblyantar og svart tusj 0,5

Kva gøymer seg bak gjerde ?

 Møter eg stengsler ,sperrer i meg sjølv eller utanfor ????
Foto eg tok ute på museet + akvarellmaling
eller er graset grønare på hi sida ??
Overlapping silke papir og  svart papir.

Kva har eg i vente som ny student ?

Litt skremmande , usikker på dei andre ,på lærarane og ikkje minst på eigne evner og kva som blir forventa av meg ? ! ???   Såg eit ansikt i ei gammal dør på museet, som eg tykte passa til visuell kommunikasjonsoppgåva mi.
Skisse laga i oljefargar

Mellom 2. og 3.samling

På tide med litt oppdatering på bloggen min. Går i hundre for tida ,tykkjer eg . Dessuten har eg hatt ein del problem med synet etter augeoperasjonen i september og fleire Oslo besøk pga. dette. Ikkje så lett når ein skal jobbe mykje både med visuell kommunikasjon , kunst og fagteorioppgåva for da treng ein at synet er i orden.. Men eg har no jobba litt praktisk med alle tre arbeidskrava , utan at eg har kome i mål med nokon av dei. Har no litt tid på fagteorioppgåva enno, men dei andre to må eg jobbe med heile helga ,  både natt og dag og dag , trur eg.....
Her er litt av det eg har jobba med i Visuell kommunikasjon;" Å vera student ". Skulle samle minner frå dei to første dagane som student , teikne, male og fotografere og og gjennom diverse utkast kome fram til eit endeleg arbeid. Eg tok mange bilete på museet og tok utgangagspunkt i dei for å lage ulike skisser og filosofere og visualisere rundt det å vera student.